Prisar

Her finn du prisar på fotografering og print av foto.

Ta gjerne kontakt om du ikkje finn prisar på det du er ute etter eller har andre spørsmål. Eg kan nåast på livesulheim@gmail.com og 970 30 652.


Bryllupsfotografering (2020)

Bryllupsseremoni, om lag to timar
Dette inkluderar 50-60 ferdig behandla bilder i høg oppløysing til fri bruk.
Pris: 6000,- inkl. mva.*

Halvdagsfotografering, om lag 6 timar
Dette inkluderar 100 – 150 ferdig behandla bilder i høg oppløysing til fri bruk. 
Pris: 10 000,- inkl. mva.*

Heildagsfotografering, om lag 12 timar
Dette inkluderar 250 – 300 ferdig behandla bilder i høg oppløysing til fri bruk. 
Pris: 16 000,- inkl. mva.*

*Reiseutgifter kan kome i tillegg (bilkøyring pr. km). For tidsbruk utover det som er avtalt (med mindre det er eit initiativ frå mi side), kostar det 1500,- pr time inkl. mva.


Familiefotografering (og liknande)

I utgangspunktet 2000,- inkl. mva.* pr time (minstepris), som pr time inkluderar 10-15 ferdig behandla bildefiler i høg oppløysing til fri bruk. Pris kan diskuterast ut frå type oppdrag. Eg likar å fotografere ute i naturleg lys, men kan gjerne fotografere inne om du har ynskje om ein konkret lokasjon eller oppdraget krevjer det (ved t.d. arrangement som foregår inne. Konfirmasjonsbilder, dåp, barnefotografering o.l.).

*Reiseutgifter kjem i tillegg (bilkøyring pr. km).


Print av foto (til privat bruk)

Eg sel print av bilda mine. Nokre bilder finn du på nettsida (meir kjem etterkvart), og ellers kan du sjå på min Instagramkonto. Ynskjer du eit konkret motiv eller bilde frå eit bestemt område er det berre å spørre, så skal eg sjå kva eg har.

Trykk på lerret
40 x 30 cm: 1000,- inkl. mva.
60 x 40 cm: 1200,- inkl. mva.
50 x 70 cm: 1400,- inkl. mva.
80 x 60 cm: 2000,- inkl. mva.
100 x 70 cm: 2500,- inkl. mva.
120 x 80 cm: 3300,- inkl. mva.

Trykk på aluminiumsplate (med skruefeste)
40 x 30 cm: 900,- inkl. mva.
60 x 40 cm: 1200,- inkl. mva.
50 x 70 cm: 1600,- inkl. mva.
80 x 60 cm: 2200,- inkl. mva
100 x 70 cm: 2900,- inkl. mva
120 x 80 cm: 3800,- inkl. mva

Frakt kjem i tillegg.

Om du er interessert i andre format eller materialar enn det som er nemnt her – ta kontakt og kanskje det kan ordnast.


Kommersiell fotografering

Eg tek også på meg fotografering for bedrifter. For fotografering og sal av bildefiler til kommersiell bruk tek eg utgangspunkt i Norsk Journalistforbund sine frilanssatsar med noko reduksjon pga av at eg ikkje har like mange års ansiennitet som prisane deira er rekna ut frå. Eg er ope for å diskutere pris basert på type oppdrag og aktør. NJ sine veigleiande frilanssatsar: https://www.nj.no/vare-lag/nj-frilans/din-okonomi/veiledende-frilanssatser/